Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Kurs for foreldre med barn med spesielle behov

mor og tenåring

Kva med oss? og Kva med meg? er kurs fra familievernet for foreldre som har barn med funksjonsnedsetting, fysiske eller psykiske vanskar eller kronisk sjukdom.

Kursa går over ei helg, som regel fra fredag til søndag, og er lagt til hyggelege hoteller rundt i landet. Du kan vende deg til familievernkontoret utan tilvising.

Kurset passar dykk som:

  • har ein utfordrande kvardag
  • vil ha tid til å være kjærestar
  • vil ha hjelp til å bli betre på kommunikasjon
  • kjenner de har lite tid til kvarandre
  • ønskjer verkty til å handtere konflikter
  • vil unngå krangling
  • vil treffe andre foreldre i same situasjon

Eigendel

Hva med oss: Eigendel er kr. 1000,- per par og inkluderer heilpensjon og overnatting. Par som ønskjer å delta på kurs må sjølv ordne med reise og avlasting.

Hva med meg: Kurset har ein eigendel på kr 500,- per person. Dette inkluderer kurs og hotellopphald med heilpensjon. Reiseutgifter blir betalte av kursdeltakarane sjølv.

Kurs for par - "Hva med oss?"

For dere med lite tid til parforholdet

Mange par opplever at det blir lita tid til å prioritere parforholdet. Dette kan etter kvart gjere at par opplever avstand og dårleg kommunikasjon, og det kan utvikle seg konflikter. God omsorg for barn heng saman med foreldra si evne til å ta vare på seg sjølve som par. Eit godt parforhold er rett og slett nøkkelen til eit lettare daglegliv i familien.

For dere som ønskjer å dele erfaringar med andre

Foreldre kan kjenne seg einsame om erfaringane med å ha barn med funksjonsnedsetting. Det er nokre gongar vanskeleg å dele opplevingane, andre menneske skjønar så lite av korleis dette livet er. Det kan handle om det som blir slitsamt. Men også om kor godt det er å oppleve hjelparar og venar som forstår. Eller gleda over dei små positive endringane hos barnet som andre kanskje ikkje ser eller skjønar.

Gjennom å lytte til andre sine erfaringar, løysingar og utfordringar kan ein få verdifulle opplevingar knytta til eigne relasjonar og eige liv.

Eit hovudmål med Kva med oss?-kursa er at det skal bli mogleg for para å styrke parforholdet og samarbeidet i familien. Kva med oss?-kursene varer som regel frå fredag kveld til søndag ettermiddag, og tek opp følgande tema:

  • trongen vår for kontakt, tilknytning og ei trygg hamn
    parforholdet
  • kjensler og kommunikasjon
  • livet med eit spesielt barn
  • å vere nær kvarandre
  • reparasjonar i samlivet
  • korleis får vi tid og plass til alle i familien?
  • dele glede, meining og håp
  • Del erfaringer med andre

Kurs for aleneforeldre - "Hva med meg?"

Kurset passer for enslige foreldre som har omsorg for barn med funksjonsnedsetting. Kurset er åpent både for foreldre med hovedomsorg og delt omsorg.

Står du åleine med ansvar for barn med funksjonsnedsetting, kan du oppleve mange av dei same utfordringane som par gjer. Dette gjeld anten du er hovudomsorgspersonen eller har ein mindre del av den daglege omsorgen.

På fleire område kan ein kjenne seg meir belasta og sliten, nettopp fordi ein er åleine om ansvaret. Dette kan gjelde både praktiske gjeremål, atterleten og alle dei samansatte og kompliserte kjenslene som kan svinge frå sorg til glede.

  • Sånn er livet: ei lita forteljing frå kvar deltakar
  • Foreldresamarbeid
  • Kommunikasjon: som nøkkel til samarbeid og forståing
  • Familie og nettverk: korleis nytte seg postitivt av dei utan å få dårleg samvit?
  • Kjensler er fakta: om dei samansatte kjenslene, og tydinga av å dele dei med nokon
  • Energi, glede og pågangsmot: korleis få pusterom nok til seg sjølv, og overskot nok til barn?